Vakker og spennande utstiling

 

Det var både vakre og spennande verk å sjå då Maren Sofie Strømme og Bjørg Strømme opna utstilling i Galleri Losjen i ettermiddag. Bilete: Fitjar skulekorps spelar ved opninga. Foto: Håkon C. Hartvedt

Bjørg glitrar med mange vakre akvarellar, fleire med naustmotiv eller motiv frå eldre bygningar i Fitjar, og eit av måleria vart selt med ein gong.

Maren Sofie har flotte arbeid i akryl – og ikkje minst den spennande fargesamansetninga og kombinasjonen med fiskeskinn vart kommentert av fleire.

Ei gruppe frå Fitjar skulekorps starta det heile. Galleri Losjen har svært bra akustikk, og sjølv om dei berre var åtte som spela, let det utruleg bra. Flotte framføringar av både Tir n`a  Noir og King of the Road.

Ordførar Wenche Tislevoll. Foto: Håkon C. Hartvedt

I sin opningstale synte ordførar Wenche Tislevoll til at ho sjølv har hatt glede av å skaffe seg mange forskjellige produkt som er laga av desse kunstnarane. Vidare peikte ho på at ein definisjon av kunst er «det å kunne», og «det vere dyktig til». – Det passar svært godt på de to, sa ordføraren vendt mot kunstnarane.

Eins ærend frå Bergen
Den kunstinteresserte bergenskvinna Mette Martens som bur på Bønes, tok kontakt med Fitjarposten i går og ville vite når utstillinga begynte og kvar han skulle vere. Og ho nøgde seg ikkje med det. Ho sette seg i bilen og kom til utstillinga i dag. Noko av årsaka er at ho går på islandskurs saman med Maren Sofie, og såleis vart kjend med at ho skulle ha kunstutstilling.

Og ho likte det ho såg og høyrde. På spørsmål om ho syntest det var verdt å ta turen, sa ho: -Ja, det var det verkeleg. Og ho fekk med seg meir enn berre utstillinga. Ein liten bit av Fitjar si historie hadde ho òg med seg i minnet etter å ha vitja både Storhaugen/Rimsvarden og Håkonarstøtta.

Mette Martens likte det ho såg. Foto: Håkon C. Hartvedt