Lorentze Waage og kjøpmann Jan Stian Taule kosar seg på Rema-jubileet i dag. Foto: Håkon C. Hartvedt.

5-årsfest med ballongar på Rema

Kundane møtte opp i hopetal då Rema 1000 på Fitjar bad inn til 5-årsmarkering.

I desse dagar er det fem år sidan Rema 1000 starta opp på Fitjar, og kjøpmann Jan Stian Taule og staben hans har markert jubileet med ballongar og godsaker dei siste dagane.

Kjøpmannen seier det er kjekt at folk kjem når han ber inn til fest. Dei siste dagane har han hatt representantar for industrien på plass i butikken, der dei har spandert blant anna pizza, spekemat og nysteikt brød.

På den store barnedagen laurdag blei det naturlegvis spandert pølse, som såg ut til å falla i smak både hos store og små. Og ute var full aktivitet i hoppeslottet. Kjøpmann Taule vegår at det har vore mykje arbeid for han og staben hans, men han synest dei har fått lønn for strevet.

– Det er imponerande at så mykje folk møter opp og har lyst å vera med oss og feira!


Eirin Sævdal, Jonas Sævdal Grimen, Linnea Olsen Heggland, William Olsen Heggland og Kjellfrid Volden sette pris på wienerpølsene frå Gilde, servert av Lene Viken. Foto: Kjetil Rydland.


Kjellfrid Volden Olsen liker seg når det er fest og basar. Foto: Kjetil Rydland.


F.v. Eva Osnes, Helene Larsen, Hanne Larsen (i ulvehabitt) og kjøpmann Jan Stian Taule som Super Mario. Foto: Kjetil Rydland.


Hoppeslott er spanande, synest Helene Rimmereid og Odin Hatlevik . Foto: Kjetil Rydland.


Ein smilande Henrik Ask Mong med smelteost frå Kavli. Foto: Kjetil Rydland.


Tonje Flatnes frå TINE spanderte youghurt i alle fasongar. Foto: Kjetil Rydland.