Musikalsk kjøkkenbordfilosofi

                                                                                                                                                                                                                                             

«Midt i livet» – Musikalsk kjøkkenbordsfilosofi er tittelen på temakvelden i kyrkja  22.oktober.

Det skriv Eli Simonsen i ei pressemelding. I pressemeldinga skriv ho vidare: 

-Denne gongen får me eit møte med utflytta fitjarbu  Bodil Kvernenes Nørsett og hennar mann Runar Nørsett.

Dei seier sjølv: «Me vil plukka frå alle reportoarhyllene på vårt musikalske kjøken og prøver å setja det saman til ein ganske variert meny! Vonaleg kan du lytta og kjenna litt etter kva musikk kan bety for deg i din kvardag. Det blir livsvisdom frå viseverda, salmar om himmelen, folketonar og gullkorn frå jazz og gospel. Innimellom legg me inn nokre av våre eigne komposisjonar».

Runar er oppvaksen i Lyngdal i Vest Agder. Han vurderte å bli klassisk pianist, men ein fingerskade etter ei stupeulukke i 1993 stoppa den planen. Han jobbar no som lege i Kristiansand samstundes som han frilanser som pianist.

Runar vert nytta som studiomusikar, har gjeve ut plate med eigne komposisjonar og gamle salmar saman med Fredrik Sahlander. Han har blitt brukt som pianist i Kristiansand Symfoniorkester og spelar i gospelkoret Norwegian Gospel Singers.Tidlegare har han også samarbeid med namn som Simon Flem Devold, Mariann Aas Hansen, Svein Tindberg,Torstein Sødal, Solveig Leithaug og jazzbandet Whisper. Nyleg har han blitt med som pianist i bandetLEO,(Love ExitOrchestra),et jazzband med base i Kristiansand.

Bodil trødde sine barnesko i Fitjar og var svært aktiv i det musikalske arbeidet her. Ho er utdanna musikkvitar,songar og dirigent frå Universitetet i Oslo og Tromsø, og ho er Authorized Complete Vocal Teacher f¨rå København.Til dagleg er ho songpedagog og underviser i musikkfag på Ansgar Teologiske Høgskole i Kristiansand. Ho dirigerer tre kor i same by og syng i Kristiansand Solistensemble. Bodil vert ofte nytta som solist, då med Runar som akkompagnatør.

Me ser fram til ein variert kveld med eit musikalsk ektepar!!