Steinar Hårde (Zpirit AS), Anne Synnøve Lønne (Samarbeidsrådet for Sunnhordland) og regissør Simeon Frohm.

Sunnhordlandsfilmen vann pris i Cannes

Filmen som vart laga for å marknadsføra Sunnhordland, vann torsdag kveld ein pris i Cannes, skriv Anne Synnøve Lønne i Samarbeidsrådet i ei pressemelding.

I pressemeldinga skriv ho vidare:

«Filmen som vart laga for å marknadsføra regionen Sunnhordland vann torsdag kveld ein av prisane under Cannes Corporate Media & TV Awards. Filmen er produsert av Zpirit as og regissert av Simeon Frohm for Samarbeidsrådet for Sunnhordland. 772 bidrag frå heile verda konkurrerte om å vinna prisar. Festivalen er den største i sitt slag i Europa, og den nest største i verda.

Sunnhordlandsfilmen var ein av vinnarane.
Torsdag kveld var det høgtidleg prisutdeling og galla. Utdelinga fann stad på Palm Beach Cannes. Her var det lagt ut raud løpar for dei 270 gjestene.

Til stades for å ta imot prisen på Palm Beach Cannes var Steinar Hårde (Zpirit as), regissør Simeon Frohm og Anne Synnøve Lønne (Samarbeidsrådet for Sunnhordland).

Sjølve prisen er utforma som ein delfin og står på ein marmorsokkel. Størrelsen på statuetten baud på litt problem ved avreise ettersom den veg heile 5 kg!

I flott selskap
Det er eit overraskande høgt nivå blant vinnarbidraga, seier regissør Simeon Frohm. Blant andre vinnarar på festivalen finn ein mellom anna BMW, Shell, Deutsche Telekom, Airbus, Nespresso, Siemens og Bugatti.

I juryen sit mellom andre 2 tidlegare Oscar-vinnarar, samt fleire Emmy-vinnarar.

Pressevising av filmane
At filmen frå Sunnhordland er populær, fekk delegasjonen merka alt før prisutdelinga. Sorana frå Austerrike, som hadde sett filmen under pressevisinga tidlegare på dagen, tok kontakt. «Filmen traff rett i hjarta,» seier ho og føyer til at ho godt kan sjå for seg å flytte til Sunnhordland saman med mannen sin ein gong i framtida.

Hovudmålet med filmen er å gjere Sunnhordland og alle kvalitetar som finst i regionen kjent.

Filmen har tidlegare vunne pris under filmfestivalen FilmAT i Warszawa samt gullsild under Markedsforeningen på Haugaland sitt årlege arrangement.»