Fekk lånekort

1.klassingane i Fitjar kommune fekk i dag lånekort på Fitjar folkebibliotek, og hadde i tillegg ei flott stund på biblioteket. F.v. Emma Fitjar Hjelle, Mailene Helland, Tori Torbjørnsen, Linnea Stokken, Robin Skumsnes Skålevik og Jon Fitjar Hjelle. Foto: Håkon C. Hartvedt

Borna som vart invitert til biblioteket var 1A og 1B ved Rimbereid skule i tillegg til 1. klassane ved Øvrebygda og Sælevik.

Ungane fekk elles god tid til å gjere seg kjend i biblioteket, og tid til lesestund og songstund vart det òg.

Dei hadde det så fint at me trur ikkje det vert lenge til dei igjen tek turen til det store bokrommet i Fitjar kommune.