Den humørfylte regnskogvaktaren Runar Øvrebø stod for trekninga under kveldaseta. Foto: Kjetil Rydland.

Kveldaseta med viktig bidrag til regnskogen

Ovbygdarane slutta godt opp om kveldaseta i går, og var såleis med og støtta årets TV-aksjon for regnskogen.

Gymsalen ved Øvrebygda skule var fullsett då leiaren i elevrådet, Clara Wohlrab, ønskte velkommen til kveldaseta. Skulen held fast på ein mangeårig tradisjon der ein samlar inn pengar til årets TV-aksjon. Ordførar Wenche Tislevoll møtte som vanleg opp når folk samlast til dugnad på skulen hennar; som kjent trødde ho sine barnesko på Øvrebygda skule. I helsinga si nytta ho høvet til å minna om kor sårbar regnskogen er, og kor kor viktig han er for klimaet på jorda.


Elevrådsleiar Clara Wohlrab opnar kveldaseta. Foto: Kjetil Rydland.

Som vanleg var elevane særs aktive under denne store bygdedugnaden. Alle var med og song, under leiing av lærar Solveig Jæger. Tittelen «Morgendagens søsken» av Eivind Skeie høvde godt ein slik kveld: «Mange barn rundt samme bord, mange barn på samme jord, det er vi, det er vi, morgendagens søsken.«

I fleire hjørne i gymsalen var det oppretta kafear, der elevane selde kaffi, pølser og ymse bakverk som foreldra hadde laga. Det var også elevane som gjekk rundt og selde då åresalet starta, og dei minste var ivrige med å bera gevinstar til dei heldige vinnarane. Dei frammøtte kjøpte årar villig vekk, og spenninga var stor under trekninga, som blei leia av ein humørfylt Runar Øvrebø. Personalet ved skulen, foreldra og det lokale næringslivet hadde gitt gevinstar til den store dugnaden.

Ved eit lite bord var det høve til å gissa kor mange seige karamellar som låg oppi eit glas. Ikkje noka lett oppgåve, men Irene Torvund var berre ein karamell unna det eksakte talet, og fekk mykje godt sukker å styrkja seg på før ho skal ut og samla pengar under TV-aksjonen på søndag.

Rektor Sigbjørn Aarland fortel at det kom inn heile 30 328 kr, noko han synest er eit flott resultat. Summen er litt bak rekorden frå i fjor, men då hadde dei selt ein god del poteter frå åkeren på Rydland på førehand. Aarland er ikkje så lite stolt over innsatsen til både små og store i bygda. Med ein slik sum er dei med og bidrar til at Fitjar også denne gongen kan bli blant dei beste i denne kjempedugnaden.
                    
Dei som ikkje var med og støtta innsamlinga på Øvrebygda skule, får sjansen att når bøsseberarar bankar på døra komande søndag og ber om pengar til Regnskogfondet.     


Elevane syng av hjartans lyst under leiing av Solveig Jæger. Foto: Kjetil Rydland.


Gustav Helland har sikra seg ein pose med gardspoteter frå Fitjar, og støttar dermed regnskogen. Foto: Kjetil Rydland.


Isabell Rydland med produkt som elevane hadde laga. Foto: Kjetil Rydland.


Ta vel imot Irene Torvund når ho kjem rundt og samlar inn pengar på søndag. Foto: Kjetil Rydland.