Ny kontrakt til FMV

FMV as og TH Stava Båt as signerte i går design- og byggekontrakt på arbeids- og lokasjonsbåt av type HFMV W15-8 Josdal-klassen. Fartøyet har hoveddimensjonar 15 x 8.0 x 2.55 m LxBxD. Båten får byggenr. FMV 222, vert bygd komplett på Fitjar og skal overleverast i mai 2016.  

– Stava var det første reiarlaget som bestilte båt av HFMV design, og dette blir den fjerde båten rederiet kontraherer hos oss. Vi er svært nøgde med å få lov til å fortsetje det gode samarbeidet med Stava. Tidlegare har vi levert to båtar av Sørfonn klassen, og ein av Vik klassen er under bygging, skriv verftsdirektør Hugo Strand i ei pressemelding.

FMV og Heimli har utvikla ein designserie beståande av seks arbeidsbåtklassar, fire katamaran- og to einskrogsdesign. Josdalklassen er den minste designtypen, og dette blir den 5. Josdalbåten vi leverer. Båttypen har vist seg å ha svært gode eigenskapar som lokasjon- og arbeidsbåt då han har kapasitetar til å utføre mange arbeidsoppgåver – og dermed  dekkjer behova kostnadseffektivt. 

Verftsdirektør Hugo Strand uttaler vidare at «FMV er glade for å få lov til å fortsette det gode samarbeidet med Stava, og for at de fant vårt HFMV design som det beste også for en mindre båttype. Vi liker lokal verdiskaping og er fornøyde med å gi bidrag til det, nå som effektene av nedgangen innen oljebransjen gjør seg gjeldende i regionen vår».   

Prosjektleiar Åsmund Sørfonn seier at FMV no har seks arbeidsbåtar under bygging, fem katamaranar og ein einskrogs. FMV har utvida byggjekapasiteten og håpar på fleire kontraktar i løpet av 2015.