Triveleg basar i Seniorsenteret

Det var som seg hør og bør både åresal og mat då Fitjar Seniorsenter skipa til basar i eigne lokale, torsdag kveld. Men det var meir enn det. Bilete: Klare Halsteinsen og Ingeborg Bukkholm var to av dei som koste seg på basaren. Foto: Håkn C. Hartvedt

Karin Korsvik las eit fint stykke av Jimmy Øvrevoll.

Per Vestbøstad synte lysbilete – og hadde i tillegg laga til allsongskomp med gamle bilete og pianospel som Svein Tørnquist hadde spela inn på band, og med teksten på veggen. Det fungerte svært bra.

Og når skrovinga og drøsen innemellom fekk fritt råderom vart det ein svært triveleg kveld ut av det heile.

Bra med folk på basaren. Foto: Håkon C. Hartvedt