Fekk inn 27 000

Maj Engevoll representerte Fitjar kommune i ringedugnaden til næringslivet i samband med årets TV-aksjon til Regnskogfondet. I løpet av to timar ringte ho inn heile 25 000 kroner frå bedrifter i Fitjar kommune.

Samla sett ble det ringt inn nærare 300 000 kr frå næringslivet i Sunnhordland, noko som er utruleg flott, seier fylkesaksjonsleiar Heidi Kristina Westli. 

Årets TV-aksjon går til Regnskogfondet for å bevare nokre av verdas største, samanhengjande regnskogsområde i Peru, Brasil, DR Kongo og på øya Ny-Guinea. Desse områda er større enn Norge og Danmark til saman.

I kveld er det kveldasete på Øvrebygda skule til inntekt for aksjonen, og på søndag er sjølve TV-aksjonen. I løpet av to timar skal alle hus i Fitjar kommune få besøk av en bøssebærarar. Ta vel imot dei.