Salsutstilling ved Maren Sofie og Bjørg Strømme

Laurdag 17.oktober, opnar utstillinga med Maren Sofie og Bjørg Strømme i Galleri Losjen. Opninga skjer ved ordførar Wenche Tislevoll kl 15.00. Det vert òg musikkinnslag. Illustrasjonsfoto: Maren Sofie og Bjørg Strømme. Her med fiskeskinnsprodukt. Arkivfoto: FP/HCH

Både Maren Sofie og Bjørg er vel etablerte kunstnarar som har hatt utstillingar mange plassar i Noreg. Spesialiteten deira i det siste har vore fiskeskinn (sjå biletet ovanfor). Men denne gongen stiller dei, allsidige som dei er, med måleri.

Maren Sofie med akrylmåleri med collage, og Bjørg med akvarellar. 

Utstillinga vil vidare vere open kvardagar kl.15-18 og laurdagar og søndagar kl. 13 -17 fram til 31. oktober.

Nedenfor ser du to av bileta som kjem på utstillinga:

(Annonse)