Kjekk familiedag på søndag

 

Søndag er det klart for kjekk familiedag i Fitjar Kultur- og Idrettbygg. På programmet står både Fitjardalten og Vennebyen. Bilete: Frå vennebyen.no

Ole Bergesen fortel til fitjarposten.no at Idrettshallen er open frå kl 13.00. Då startar òg Fitjardalten med Minidalten for dei minste, like etterpå.

I Idrettshallen vert det kiosk, og det vert òg høve til å ta middagen her i det dei mellom anna vil selje betasuppe og pølser.

Figurane Labb og Line frå Sparebanken 1 SR bank som òg var med på Midtfjelldagen, vil òg vere på plass i Idrettshallen på søndag. 

Den største attraksjonen, i alle fall for dei minste, er nok Vennebyen som har show kl 14.00 med påfølgjande høve til å møte aktørane. (Meet and greet-opplegg), noko dei minste truleg vil setje stor pris på.

Premieutdeling for Fitjardalten vil òg skje i Idrettshallen.

Fitjardalten. Frå starten i 2013. Arkivfoto: FP/HCH