Rosa lys for brystkreftsolidaritet

 

Fleire fitjarbuar har undra seg over rosa lys på Fijar Rådhus og Håkonarstøtta om kveldane. Er dette noko som skal erstatta det kvite lyset, er det ein dårleg idè, meiner mange. Men det rosa lyset skal ikkje vere der permanent, og det lyser for ei god sak, no i oktober.

Saka er at det rosa lyset er meint som støtte til Rosa-Sløyfe-aksjonen for å syne solidatitet med dei som vert ramma av brystkreft, eit samarbeid mellom Kreftforeningen og Brystkreftforeningen. 

Kvart år har Rosa Sløyfe eit tema, og i 2015 er temaet å leve med uhelbredeleg brystkreft.

-Stadig fleire overlever brystkreft. Men om lag ei av fire kvinner som lever med brystkreft kjem til å døy av sjukdomen. I år rettar me merksemda mot dei som har fått ein av dei mest ubarmhjertige beskjedar i livet: – Du kan ikkje bli frisk.

For dei som får denne beskjeden er det ekstra viktig å bruke tiden godt.

Det einaste sikre er no, og mange med uhelbredeleg kreft vel å bruke verdfull tid saman med vener og familie. Difor oppfordrar me alle til å arrangere ein rosa lunsj i oktober.

Inviter vener og familie til ei hyggjeleg stund i oktober. La oss bruke dette høvet til å skape gode minner og kome endå nærare kvarandre, heiter det i eit skriv frå Kreftforeningen/Brystkreftforeningen.

– Det rosa kveldslyset på Rådhuset og Håkonarstøtta vil vare ved ut oktober. Så vert det vanleg kvitt lys igjen, seier Tore Nesbø til fitjarposten.no.