Badesesongen er starta – innandørs

 

Etter ein heller dårleg badesesong utandørs er det no opna for bading innandørs i bassenget på Rimbareid skule, kvar måndag. Her er det Dan Torbjørnsen og dottera Tori som kosar seg i vatnet, mens vesleguten gøymer seg litt bak far. Foto: Håkon C. Hartvedt

Første gongen var i kveld, og først ut var gruppa med foreldre og born. Så svært mange som møtte opp første kvelden var det ikkje, men dei såg ut til å kosa seg dei som var der. 

Badevaktene Bente Fitjar og Odd Sverre Larsen hadde ansvar for heile denne første kvelden, men elles er det lagt opp slik at dei som har meldt seg som badevakter berre har rundt ein kveld i semesteret dei har ansvar for. – Då er det svært overkommeleg, smiler Bente.

Timen frå kl 18.00 til 19.00 er reservert for foreldre og born. 19.00 -20.00 er det born over 10 år som kan boltra seg i vatnet, mens vaksne får timen frå 20.00 – 21.00 åleine.

Frå foreldre/barn-badinga i kveld. Foto: Håkon C. Hartvedt