Auschwitz II Birkenau.

Med 10. klasse til Polen og Tyskland på tematur

Avgangsklassane ved Rimbareid skule er komne att etter ein tankjevekkjande tematur til Berlin og til utryddingsleirane i Polen.

Det har etter kvart blitt tradisjon at 10. klassesteget ved Rimbareid skule reiser på tematur med Aktive Fredsreiser, og i år var sjette gongen. For vel ei veke sidan drog 47 ungdommar av stad med buss frå Fitjar, saman med nesten like mange foreldre og andre føresette. Og laurdag kveld kom fitjarbuane tilbake til heimbygda med mange tøffe inntrykk.

Aktive Fredsreiser ønskjer å gi kunnskap om menneskerettane og demokrati, om fredsprosessar og konfliktløysing. Dei marknadsfører turane sine som eit supplement til den ordinære skulegangen for norske ungdomsskuleelevar.

Etter knappe to døger med buss og Kiel-ferja «Color Fantasy» var reisefølgjet framme i Buskupice Podgorne i Polen. Og søndag føremiddag var det klart for omvising med lokale guidar i redselsleirane Auschwitz I og II. Sterkast inntrykk gjorde kanskje Auschwitz II Birkenau, ein gigantleir som dekte over 400 fotballbanar. Når anlegget hadde full drift, kunne 20 000 fangar gassast og kremerast kvar dag. Her døydde ikkje berre jødar, men mange polakkar, sovjetiske krigsfangar, sigøynarar og homoseksuelle. Vel ein million menneske døydde i Auschwitz-komplekset, dei fleste av desse i Birkenau.

Etter dei tøffe opplevingane i Auschwitz-leirane blei det eit par dagar i Krakow, med shopping og besøk i den verdskjende saltgruva i Wieliczka. Det såg ut til å vera ei god avkopling, og ingen lét til å vera plaga av klaustrofobi 130 meter under jorda.

Elevane var godt førebudde på 2. verdskrigen, og visste nok ein del om kva dei gjekk til i utryddingsleirane. Men dei hadde ikkje blitt briefa på den kalde krigen, så det er litt uklart kva dei fekk med seg då dei kom til Berlin. Vonleg vil dei likevel ha lettare for å skjøna kva det dreiar seg om når dei skal læra om den kalde krigen før skuleåret er slutt.

Siste dagen blei det tid til besøk i den berykta fangeleiren Sachsenhausen, der fitjarbuen Johannes Sandvik frå Færøysund sat i halvtanna år. Ordførar Wenche Tislevoll nytta høvet til å halda ein liten tale, der ho minte ungdommane på den store innsatsen hans under krigen. Her blei det òg halde ein fin seremoni for å minna offera for brotsverka til nazistane. Også i kvinneleiren Ravensbrück blei det halde ein liknande blomsterseremoni, og elevane las dikt.

For dei vaksne som var med på turen, blei det ein minnerik tur med sterke opplevingar og godt sosialt fellesskap. Elevane viste seg som gode representantar både for Fitjar og for Aktive Fredsreiser. Ikkje ein einaste gong måtte det store reisefølgjet venta på folk som forsov seg, eller på andre måtar gjorde det vanskeleg å gjennomføra den travle tidsplanen.


Her var siste stoppestaden for toget som frakta hundretusenvis av jødar til utryddingsleiren Auschwitz II, Birkenau.


Fangane kom til utryddingsleiren i lukka vogner av denne typen. 


Ingen ting kunne vore meir usant enn det som står skrive over porten inn til leiren i Auschwitz.


Skorne blei tekne frå fangar som blei drepne i Auschwitz.


Jacob Mehammer blar i namn på hundretusenvis av jødar som blei tekne av dage i Auschwitz.


Krematoriet i Ravensbrück.


Blomstermarkering ved innsjøen som ligg like inntil kvinneleiren Ravensbruck.


I denne innsjøen bada familiane til leiarane i Ravensbrük-leiren, men fangane visste ingen ting om idyllen utanfor murane.


På dette bordet låg fangar som blei utsette for medisinske eksperiment utan bedøving.


Halve elevflokken ved Brandenburger Tor i Berlin.


– Min Gud, hjelp meg å overleva denne dødelege kjærleiken! Biletet blei måla av Dmitri Wladimirowitsch Wrubel på austsida av Berlinmuren i 1991 etter at muren fall i 1989. Motivet viser broderkyss mellom sovjetleiaren Leonid Bresjnev og DDRs Erich Honecker. Bildet byggjer på eit foto som blei teke i høve 30-årsmarkeringa av DDR (Aust-Tyskland) i 1979.


Holocaust-monumentet i Berlin ligg like ved Brandenburger Tor og er eit minnesmerke over dei europeiske jødane som ble drepne under det tyske naziregimet. Det består av 2 751 store betongminnesteinar.


Frå den verdskjende saltgruva utanfor Krakow.


Kuspenane på Fitjargarden kviler aldri, men Tore Sigurd har god mobildekning 120 meter under jorda, og får tak i dyrlegen. 


Heile delegasjonen frå Fitjar samla i den fantastiske katedralen 130 meter under bakken i Wieliczka-gruva utanfor Krakow.