Harejeger Håvard Helland på Smalahaugane i dag. Foto: Rune Aarbø.

Glade harejegerar

Tre glade musketerar kom heim med kvar sin hare etter jakta i helga.

Det er den gladaste av dei alle som kontakta Fitjarposten søndag ettermiddag. Rune Aarbø fortel at han saman med kompisane sine innleidde harejakta i fjellet med hyttetur til Melen denne helga.

Harejakta i Fitjar fjellsameige opna 8. oktober, og tradisjonen tru gjekk Rune og kompisane hans til fjells andre helga i månaden. Denne gongen var dei til saman fem mann på jakt i Melen frå fredag til søndag.

Dunkeren Toya er minst like ivrig som dei unge mennene, men han sleit litt med å finna «formen» første dagen, seier Rune Aarbø. Men i dag gjekk det mykje betre. I løpet av fem timar tok han ut fem harepusar, og tre av desse klarte jegerane å plaffa ned.

I tillegg til Rune Aarbø fekk Terje Andreassen og hundeeigar Håvard Helland kvar sin hare. Rune Aarbø fortel at dei var svært godt fornøgde med dagen, og allereie ser fram til neste utflukt, truleg om eit par veker.


Bikkja Toya og Rune Aarbø på Smalahaugane med den første haren i dag.


Det tar på vera jeger, ser det ut til.