Forspel til storjubileum neste år

 

Ein god del av elevane frå klassane som gjekk ut frå Rimbareid skule våren 1976 var i går kveld samla til klassefest på Fitjar Fjordhotell, eit år før dei storjubilerer med 40 år. Framme frå venstre: Einar Breivik, Svein Åge Risheim, Geir Bjarte Hatlevik, Reidar Gloppen og Jarl Madsen. 2.rekkje: Hildegunn Strand, Linda Solrun Hovland, Marit Tislevoll, Turid Helland, Heidi Westvik, Nelly Aga og Angunn Bårdsen. Bak: Håkon C. Hartvedt, Johannes Sekse, Malvin Gerhardsen, Henning Helland, Lars Helge Landa, John Karsten Raunholm og Terje Breivik.

Det spesielle med desse klassane er at dei ikkje berre har vore samla ved runde tal etter at dei forlet ungdomsskulen, men fleire gonger i tillegg til det. Klassane har vidare vore på fleire turar i lag etter at dei slutta på Rimbareid skule.

I løpet av kvelden vart det tid til mimring, quiz, nydeleg mat – og ikkje minst: den gode samtalen.

Saman med elevane var to av lærarane dei hadde: Johannes Sekse og Håkon C. Hartvedt.