Spanande sluttminutt for målscorar Øyvind Fykse Lie og kneopererte Leif André Tangen.

A-laget held liv i håpet 

A-laget til Fitjar hadde marginane med seg på Vikahaugane søndag ettermiddag, og slo toarlaget til Stord 3-1.

Dermed har gutane til Kjell Træet framleis eit lite håp om å overleva i 4. divisjon.

Men det var Stord som kom best i gang, og kontrollerte det meste ute på kunstgraset på Vikahaugene. Det var tydeleg at heimelaget ikkje ville gi noko gratis i denne kampen, sjølv om dei allereie har rykt ned. Stord stilte med det sterkaste mannskapet dei hadde lov til etter reglane, og Fitjar-gutane hadde meir enn nok med å forsvara seg.

Takka vere god kjemping av forsvaret, og ein god og heldig Oddgeir Træet i mål, klarte Fitjar å halda Stord frå livet. Midt i omgangen kontra Fitjar, og Thomas Vestbøstad Waage scora sikkert frå kort hald etter å ha blitt spelt fint gjennom av Jonas Tislevoll. Men Fitjar fekk berre ha leiinga i vel 10 minutt, før Emil Selsvold utlikna. Han fekk avansera uhindra inn på ca. 15 meter, og sette ballen sikkert i mål.

Stord hadde dei fleste sjansane, og burde teke leiinga fleire gonger. Spesielt då dei lokka Oddgeir Træet ned på baken fem minutt før pause. Men som ved eit under klarte Fitjar-keeperen å få ei tå på skotet frå to-tre meter, og ballen gjekk utanfor mål. Dermed kunne Fitjar gå til pause med eit litt heldig 1-1-resultat.

Også i andre omgang såg Stord farlegast ut når dei gjekk i angrep. Men Fitjar viste seg likevel mest effektive. Etter vel 10 minutts spel scora Øyvind Fykse Lie på eit frispark frå 25 meters hald. Skotet var godt plassert, men ikkje hardare enn at Stord-keeperen burde hatt ein sjanse. Også det neste målet til Fitjar burde nok keeperen ha redda. Kjell André Thorland skrudde ein corner rett i mål, bak eit forfjamsa forsvar og ein endå meir forfjamsa keeper, som slo i lause luft før ballen smatt inn under tverrliggjaren.

Med smått utrulege 3-1 til Fitjar ebba kampen ut. Dommaren hadde ein strid tørn med å dela ut gule kort til heimelaget sine spelarar etter kvart som dei møtte motgang. Dette gjorde det nok litt lettare for Fitjar å ri stormen av og ta med seg heim tre verdfulle poeng. Det er freistande å sitera ein tidlegare Fitjar-dommar som parerte misnøgde spelarar på denne måten. – Hadde de vore betre å spela fotball, så hadde de fått ein betre dommar òg!

Etter dagens tre poeng ligg Fitjar framleis på nedrykksplass, etter som nedrykksrival Trio også vann sin kamp denne runden. Og då er det berre siger i siste seriekamp, mot Bremnes, som er godt nok for Fitjar. Samtidig må Trio tapa siste kampen sin. I tillegg må alt gå Fitjar sin veg i den andre puljen i 4. divisjon. Etter finrekninga til Kjell Træet å dømma, må Fyllingen sitt lag gjera det betre enn Smørås i siste kamp for at Fitjar skal berga plassen sin.

A-laget står altså med eine beinet i 5. divisjon framleis, men skal ha ros for at dei held oppe spenninga til siste spark på ballen i årets 4. divisjon.


Spanande sesongavslutning for fotballeiar Gisle Levåg og nestleiar Magne Siglen, her på Vikahaugane i spissen for ein kontingent trufaste Fitjar-supporterar. Foto: Kjetil Rydland.

KAMPFAKTA

Stord 2 – Fitjar 1-3 (1-1)
Seriekamp 4. divisjon, menn avd. 02
Søndag 11. oktober kl. 15.00
Vikahaughane kunstgras
Publikum: 100, halvparten frå Fitjar
Dommar: Kristoffer Hagenes, TIL Hovding

Mål: 0-1 Thomas V. Waage (25), 1-1 Emil Selsvold (37), 1-2 Øyvind Fykse Lie (57), 1-3 Kjell André Thorland (63),

Fitjar sitt lag: Oddgeir Træet, Emil Fitjar, Nils Ingard Tislevoll, Torbjørn Korsvik, Sander Tverborgvik, Helge Myrmel Træet, Kjell André Thorland, Øyvind Fykse Lie (Mats Westvik 85), Jonas Tislevoll (Lars Fitjar Waage 64), Badi Hurasi (Sebastian T. Thomassen 85), Thomas Vestbøstad Waage.