Tid for bridge?

Er du interessert i kortspel – og har kanskje lurt på bridge? I så fall kan du møte opp på Øvrebygda skule førstkomande onsdag kl. 19.00. Då startar bridgeklubben opp ny sesong. Foto: Stockphoto

Du treng heller ikkje kunne bridge frå før for å vere med.

– Me gjev nybyrjarar full opplæring, og det vil vere gratis for dei å vere med i starten. Dyrt er det forresten ikkje å vere med som fast medlem heler. Me tek 30 kr for ein spelekveld, men då får ein òg kaffi og noko lite attåt, smiler Svein Blix i Stord/Fitjar Brigdeklubb.

Leiar i klubben er Roger Træet som har gode plasseringar i NM å syne til. Men ein treng såvisst ikkje å ha store ambisjonar for å vere med. 

– Alle som kan telje til 52 og har nokonlunde godt minne kan vere med. Alder er heller ingen hindring. Me har spelarar opp i 80-års-alderen som framleis er med – og spelekveldane vil alle vere på onsdagar i haust.

– Kva er det som er så kjekt med bridge?

– Det er veldig sosialt, og med har det veldig kjekt saman. Flott å vere både unge og eldre i lag om noko. No vonar me berre at fleire, både kvinner og menn, er så nysgjerrige på dette at dei møter opp på Øvrebygda skule, onsdag kveld, seier Svein Blix, til slutt.