Spektakulært om vindmøllene

Fitjar har vore mykje på TV dei siste månadene. I kveld var det vindmøllene på Midtfjellet som fenga Norge Rundt-redaksjonen. Og det vart spektakulære innslag. Bilete: Skjermdump frå NRK1

Me fekk sjå vindmøllene inni, og korleis ein klatrar opp til toppen på innsida. Det måtte òg Norge Rundt-programleiar Ken Willy Wilhelmsen, med høgdeskrekk, òg vere med på. Betre vart det ikkje for skjelvinga i beina då han saman med dagleg leiar Erik Rasmussen klatra ut på plattformen ved senteret for vengene, 80 m over bakken. 

Men då skjevinga hadde roa seg noko var det mest superlativer over både utsikt og dimensjonar å høyre frå reportaren, som slett ikkje gjekk inn i vindmølledebatten, men synte fram det spektakulære med turbinane –  samstundes som Erik Rasmussen fekk kome med ein del faktaopplysningar om storleik og drift.

Dei vert små dei to karane i samanlikninga med vindmøllene. Bilete: Skjermdump frå NRK!

Endå eit TV-program som sette Fitjar på kartet. Det likar me.