Askeladden med musikkvideo

Bandet Askeladden med Johannes Aadland, som mellom anna deltok på Fitjarfestivalen i år, har no spelt inn musikkvideo. Foto: FP-arkiv/HCH

Musikkvideoen er laga til låten «Huldra» som nyleg er lista på NRKP1. I videoen speler André Søfteland og Marie Grung hovudrollene – sistnevnte kjent som deltakar i NRK-progrtammet «Anno», og Søfteland frå blant anna «Hellemyrsfolket» på DNS.

Musikkvideoen handlar om ei bedårande hulder (Grung) som på mystisk vis lokkar ein fiskar (Søfteland) inn i sin famn, og er spelt inn på Austre Kleppe i Osterøy med Alexander Ophaug som regissør.

Videoen er ikkje gjort offentleg enno, men har premiere fyrstkomande fredag, den 10. oktober, men her kan de sjå han.