Beste turbilete

Eit bilete frå Hellandsfjorden (ovanfor) vart kåra ti beste turbilete i 3. kvartal i Samarbeidsrådet for Sunnhordland sin konkurranse. Biletet er teke av Kristine Bakke Ottesen.

 

2015 er friluftslivets år og i det høve har Samarbeidsrådet for Sunnhordland invitert til konkurranse der ein skal kåra årets beste turbilete i Sunnhordland. Det vert kåra eit vinnarbilete i kvartalet som går vidare og kan verta kåra til årets bilete.  

Meir informasjon om konkurransen kan du lesa her.

Vinnar av tredje kvartal vart Kristine Bakken Ottesen. Biletet er teke i Hellandsfjorden.

Juryen har i si vurdering lagt vekt på at bilete er godt komponert, stemningsfullt og syner Sunnhordland på sitt beste!

I juryen har desse site:  Ordførar Ruth Eriksen, Sveio kommune, informasjonssjef Simon Knutsson Sortland, Bømlo kommune, leiar i Stord/Fitjar Turlag, Gerda Øen og  Reidun Rykkje, Samarbeidsrådet for Sunnhordland.