Klart for kveldsbøn

Med jamne mllomrom har det i det siste vore kveldsbøn i Fitjar kyrkje. I morgon kveld kl 20.00 er det klart for ei ny kveldsbønsamling i kyrkja.

– Etter ei kort samling med musikk og tekstlesing, kan tankar og kropp få kvila, med tid for seg sjølv og Gud, heiter det i annonsa som du kan sjå til høgre på denne sida.

Liturg vert Herman Inge Aadland, tekstlesinga tek Sigrid Fangel seg av og organist er Harald Skumsnes.

Så ønskjer du ei stille stund i Guds hus er det berre å møte opp. Samlinga er open for alle.