Ole Danbolt Hagesæther heldt talen under eldredagen. Foto: Kjetil Rydland.

Eldredag med fokus på medmenneske

Torsdag ettermiddag blei den årlege eldredagen avvikla i kantina ved Fitjar vidaregåande skule.

Som arrangørar stod Fitjar vgs. saman med Fitjar eldreråd. Ellen Karoline Hovstad stod i døra og tok imot kvar enkelt etter kvart som dei kom inn. No går ho av som leiar i eldrerådet etter fire år saman med Paul Lillenes, Paul Raunholm, Bente Koløen og Toralv Røen. Elevar ved kokk og restaurantfag på skulen hadde laga maten, og elevane på helsefag hjelpte til med serveringa. Alle fekk stor takk frå Ellen Karoline, og alle fortente det like mykje.


Ordførar Wenche Tislevoll med blomar til avgåande leiar i Fitjar eldreråd, Ellen Karoline Hovstad. Foto: Kjetil Rydland.

Etter den offisielle opninga ved ordførar Wenche Tislevoll fekk tidlegare biskop i Hordaland, Ole Danbolt Hagesæther, ordet. Han hadde ønskt at songen «La oss leve for hverandre» skulle stå på programmet. Han fekk ønsket sitt oppfylt, og dei som hadde sett fram til talen frå den tidlegare biskopen fekk truleg alle voner oppfylte.

Han er ein gamal Fitjar-ven og mintest med glede tidlegare turar til Fitjar. Han nemnde spesielt «Gudsteneste på gamlemåten» i 1992, Kystsogevekene med Håkonarspelet i 1997 og Hatlevikbasaren. Han talte om det å vera medmenneske og rørte nok mangt eit hjarta i den vare og varme talen. Her var alvor og fin humor blanda på ein måte som fekk dei eldre til å smila, og kanskje lurte det seg fram ei tåre i ein og annan augekrok.

Kjell Aasheims kvartett, med Jakob Eldøy, Lorents Kannelønning og Åge Ottesen stod for musikken, og prega stemninga under samværet. Både med ein eigen liten konsert i byrjinga, og som akkompagnement til dei andre songane. Knapt 100 eldre fitjarbuar «i alle aldrar» gjekk heilt sikkert heim med gode minne etter den fine stunda.


Nora Helland t.h. såg ut til å trivast på eldredagen, samn med Klara Halstensen og Eli Selle. Foto: Kjetil Rydland.


Martine Tranøy Stokken, Emma Dahl og Ingrid Aga, komande helsefagarbeidarar som var med og serverte. Foto: Kjetil _Rydland.