Eksempel på kulturminne: Museumstunet i Årskog. Foto: Harald Johan Sandvik.

Kulturminneplan for Fitjar

Kommunestyret vedtok kulturminneplanen på møtet i går.

Kultursjef Bente Bjelland har stått fremst i arbeidet med å utarbeida kulturplan for Fitjar. Ho har hatt mange frivillige med i arbeidet, og planen er omfattande. På kommunestyremøtet i går var planen samrøystes vedteken. Mange tok ordet og gav uttrykk for at denne planen var dei nøgde med og stolte over!

Bente Bjelland seier til Fitjarposten at ho rettar ei stor takk til alle dei frivillige som har vore med i arbeidet. Utan deira innsats hadde ikkje planen vorte så bra som den er i dag!

Heile planen finn du i dag på Fitjar kommune sine sider, innkalling til kommunestyremøtet 30.09, på linken http://fitjar.kommune.no/sitefiles/21/Kommunestyret2015/300915InnkallingKS.pdf

Rull ned til sak 53. Registreringane finn du frå side 319 og nedover, og verbaldelen frå side 350.