Bladlushotell ved Fitjar vidaregåande skule. Foto: Kjetil Rydland.

«Land art» på Fitjar vidaregåande

I dag presenterte elevar på linja for design og handverk kunstprosjektet dei har arbeidd med i det siste.

Lærar Leif Hedman har hatt ansvar for prosjektet, saman med Siri Katrine Strand. Han fortel at dei har brukt to veker, til saman 30 timar, på arbeidet. I dag presenterte elevane prosjektet sitt for lærarane sine og leiinga ved skulen.


Rektor Leif Helge Engelsen, lærar Leif Hedman og elevane Benedicte Nesbø, Victoria Bergesen og Kristina Birkeland beundrar humlebustaden. Foto: Kjetil Rydland.

Dei har brukt gamle, store trestubbar i hagen ved skulen som utgangspunkt, og laga ymse installasjonar. Dei hadde gjort om fire trestubbar til ekornhotell, bladlushotell, bustad for mus, og ein bustad for humler.

Hedman fortel at dei ikkje fekk lov å bruka spikar og skruar, berre naturmaterialar. Dei har stort sett brukt det dei fann rundt seg ute, i tillegg til ymse tau og møbeltappar. Dei har brukt all slags verktøy, som t.d. høgtrykksspylar og hoggjern.

Delegasjonen av personale frå skulen såg ut til å lika det dei såg. Kvar enkelt elev måtte delta i presentasjonen av arbeidet. Korleis dei hadde fått ideen, korleis samarbeidet hadde gått og kva dei syntest om resultatet.Alle meinte det hadde vore både utfordrande og lærerikt.

Leif Hedman vedgår at han var litt spent før prosjektet tok til. Men elevane tok ansvar, og han er godt fornøgd med resultatet. No skal kvar enkelt laga ein Powerpoint-presentasjon med tekst og bilete. Her må dei blant anna visa at dei skjønar faguttrykka. Det er nødvendig for å gå vidare i faget, seier Hedman. Det er ei heil rekkje yrke desse elevane kan sikta seg inn mot, seier han, til dømes interiør, design og tekstil, frisør, utstillingsdesign, blomsterdekorasjon og vindusdekorasjon. I «land art»-prosjektet har dei nytta verktøy og teknikkar som kan vera aktuelle i fleire av desse yrka.

Til avslutning blei det kaffi og kaker i klasserommet. Rektor Leif Helge Engelsen takka elevane for innsatsen. – De har tilført kreativitet til skulen, sa han, og dette er læring de vil få nytte av. Avdelingsleiar på design og handverk, Johanne Langeland, avslutta samkoma med å uttrykka at allereie ho gler seg til neste prosjekt!


Ekornhotell i hagen. Foto: Kjetil Rydland.