Fitjar skulekorps spelar. Foto: Harald Johan Sandvik.

Kommunestyret heldt minnestund for Frode Pletten

Ein av deira eigne er borte.

Då kommunestyret kom saman i går, var det til det første møtet etter at Frode Pletten, Høgre sin representant, døydde etter ei tragisk arbeidsulukke.

Ei gruppe frå Fitjar skulekorps, under leiing av dirigent Svein Roger Koppang, spela først Tir n’a Noir. Deretter heldt ordførar Wenche Tislevoll ein varm og personleg minnetale, der ho heidra venen, politikaren og optimisten Frode Pletten. Han var klar til å gå inn i ein ny kommunestyreperiode, men slik skulle det ikkje gå.

Etter talen reiste alle seg, og mintest kollegaen med ein stille minutt.