Kommunestyret 2011-2015. Foto: Harald Johan Sandvik.

Siste møtet til det avtroppande kommunestyret

I går hadde det avtroppande kommunestyret det siste møtet sitt, og stilte opp for fotografen.

Kommunestyreperioden 2011-2015 er til ende, og kommunestyret hadde siste møtet i går. No vert ikkje endringane overveldande store: Når det nye styret konstituerer seg 21. oktober, er 12 av representantane med vidare, berre fem er nye.

Før møtet vart sett i går, vart alle representantane kommandert ut framfor hovudinngangen til rådhuset for å ta offisielt bilde. Formannskapet vart også fotografert. Fotograf var Per Egil Larsen. 16 representantar møtte, derav to vara. Det er 17 medlemer i kommunestyret.