Professor Frank Aarebrot i aksjon i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Kjetil Rydland.

Historisk sus over Frank Aarebrot

Foredraget «Fitjar i historisk lys» vil nok gå over i historia som ei storhending for fleire hundre historieinteresserte i Fitjar.

Den kjende professoren i samanliknande politikk og i demokratiutvikling blei godt briefa av den lokale guiden og privatsjåføren sin, Harald Johan Sandvik, før han entra scenen i Fitjar kultur- og idrettsbygg.

Med Powerpoint-presentasjonen «Norge i 1000 år» drog han først skuleklassar frå Rimbareid og Fitjar vgs. med seg nesten fram til vår tid. Han starta med den første nordmannen som dukka opp på den historiske scenen på slutten av 800-talet, Ottar frå Lofoten. Og Aarebrot gav seg ikkje før han var komen godt og vel til 1814. Då hadde elevane sete heilt i ro i ein time og eit kvarter, og måtte gå heim.

Då kvelden kom, fyltest kultursalen nesten til siste stol, og utan manus bergtok den kjende professoren og medieyndlingen eit vakse publikum med soga om Ottar frå Nordrvegr og Noreg heilt fram til vår tid. For oss som kjenner Håkonarspelet, var det mykje me kunne kjenna oss att i, til dømes at dronning Gunnhild, mor til Eirikssønene, var den første kvinnelege politikaren i Noreg. Men den kunnskapsrike foredragshaldaren hadde nok eit og anna nytt å by på, sjølv for den mest sprenglesne fitjarbu.

Forklaringa på namnet Noreg var ikkje minst fascinerande. – Så vidt eg veit, er Noreg det einaste landet som har namnet sitt etter ein veg, og ikkje eit landområde, sa Aarebrot. Namnet tyder «vegen mot nord», noko me forstår lettare av dei engelske og tyske namna, Norway og Norwegen. Vegen det er snakk om, er sjøvegen frå Oslofjorden, i Viken, og langs norskekysten mot Nord-Noreg.

Ottar er nemnt i krøniken til Alfred den store i Wessew, England, dit Ottar reiste og selde skinn som han hadde kjøpt i «austerveg». Ottar og Alfred snakka same språket og snakka saman utan tolk, står det i krøniken. Men det er verdt å merka seg at Ottar ikkje kalla seg viking, og det var nok ikkje utan grunn. – Alfred var nemleg kjend som «den store vikingslaktaren», sa Aarebrot. – Vikingane kom eigentleg frå Viken, området rundt Oslofjorden, Sør-Sverige og Jylland. Derfor var det verken gunstig eller naturleg for Ottar å kalla seg viking, meiner Aarebrot.

Aarebrot nytta høvet til å polemisera mot dei som meiner at Harald Hårfagre eigentleg ikkje samla heile Noreg i slaget ved Hafrsfjord i 872. Naturlegvis gjorde han det, for området han samla var kysten frå Vestfold til Sogn. Det var det som var Noreg den gongen.

Fram frå gløymsla trekte Aarebrot den eine kongen og dronninga etter den andre, både frå Frankrike, England, Sverige, Danmark og Noreg. Me som ikkje visste så mykje om Noregsveldet, då landet vårt var på toppen av si makt på 1200-talet, vil nok sjå nærmare etter namnet Audun Hugleiksson. Han var «EU-tilhengjaren» som arbeidde for kongane Magnus Lagabøte og Eirik Magnusson. Den norske storpolitikaren planla store politiske alliansar med stormakter i Europa, og blei avretta i 1302. Etter at «Senterparti-politikaren» Håkon V Magnusson hadde teke over som konge, og staka ut ein ny kurs for Noreg.

Me fekk innføring i korleis Noreg hamna i union med Sverige og Danmark, korleis protestantismen kom til Noreg, korleis eineveldet blei helsa velkome i Danmark og Noreg, etter Hans Nansen hadde vore med og bekjempa den danske adelen i København 1660. Og mange andre innfløkte samanhengar.

Men kor blir det av Fitjar oppi all denne labyrinten av dramatiske historiske hendingar? Slaget på Fitjar fekk naturlegvis sin rettmessige plass i historia. Og Olav Kyrre som var på nippet til å grunnleggja hovudstaden sin på Fitjar. – Men han grunnla Bergen i staden, heldigvis! sa Aarebrot på sitt humoristiske vis, til stor jubel.

Så trer ikkje Fitjar fram på hovudscenen før på 1700-talet. Poteta er komen til Noreg, og kjende prestar preikar for folk om kor viktig denne nye knollen er. Poteta er mykje mindre sårbar for vêret enn korn, og det blir nesten slutt på uår og i Noreg. Fitjar blir hovudstaden for potetdyrking i Noreg; dei produserer meir poteter enn nokon annan stad i Noreg, og tener grovt med pengar på å selja poteter i Bergen. Aarebrot siterer, til stor jubel, Wergeland sitt dikt til ære for presten Dahl i Eivindvik: «Brød af Steen og Aand af Striler».

Store kunnskapar, formuleringsevne og sjarm er naturlegvis ein uslåeleg kombinasjon. Den kjende professoren gav eit utal døme på korfor han er ein så ettertrakta foredragshaldar, politisk kommentator og mykje anna. Låtten sat laust hos eit takknemleg publikum, som fekk ei feststund dei seint vil gløyma. Og truleg vil mange gå til kjeldene for å finna ut meir om den spanande soga vår.

 


Frank Aarebrot saman med ordførar Wenche Tislevoll framfor Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Kjetil Rydland.