Refleksdugnad

Trafikkskulane i Sunnhordland er med på ein stor refleksdugnad torsdag 1. oktober, skriv Per Ove Sercan Husevik i ei pressemelding.

I pressemeldinga heiter det vidare:

«1.oktober er alle trafikkskular i Noreg utfordra til å delta på ATL sin refleksdugnad «ein brikke til livet». Trafikkskulane i Sunnhordland arbeider i saman om dette og vil ta del i refleksdugnaden etter fylgjande mønster:

Fitjar sentrum: Kl. 06.30-08.00 og 18.00-19.30.

Leirvik (Vabakkjen): Kl. 06.30-08.00 og 18.0019.30.

Bremnes (sentrum og vidaregåande skule): Kl. 06.30-08.00 og 18.00-19.30.

Husnes (vidaregåande skule – sentrum): kl. 06.30-08.00.

Me står langs fortau og stader der folk ferdast, du ser oss med gule refleksvestar merkte med ATL. Me ynskjer å snakke om refleksbruk og ferdsel i mørke, og sjølvsagt får du ei brikke av oss.»

Du kan lesa meir om refleksdugnaden på heimesida til Autoriserte Trafikkskolers Landsforbund, ATL.