Johannes Sandvik på historisk utstilling, her med døypefonten frå den gamle steinkyrkja i Fitjar, og teikning av den same kyrkja på veggen. Foto: Kjetil Rydland.

Populær historisk utstilling

Over hundre historieinteresserte fann vegen til Galleri Losjen i går kveld for å sjå utstillinga «Fitjar i historisk lys», etter foredraget til Frank Aarebrot med same tittel.

Folkebiblioteket og Fitjar kulturkontor har hatt travle dagar i det siste. Først heldt Frank Aarebrot foredraget sitt for klassar frå Fitjar vidaregåande og Rimbareid skule midt på dagen, og om kvelden fylte han Kultursalen nesten til siste plass med det same foredraget. Etter det siste foredraget blei mange med bort på Losjehuset for å sjå på utstilling av gamle gjenstandar frå Fitjar.

Her hadde kommunen sine folk fått god hjelp av Bård Inge Bø og dei andre eldsjelene i Fitjar sogelag. Og ein stor del av publikum under foredraget til Aarebrot blei med bort til Losjehuset. Her var utstilt mange gjenstandar som er i privat eige, saman med ting frå Årskog museum og frå Fitjar kyrkje. Minst eitt hundre såg ut til å gle seg over ting dei kjende att frå sin eigen barndom, og ting som var mykje eldre. Blant anna døypefonten får den gamle steinkyrkja i Fitjar.

Dei som ikkje fekk med seg opninga av utstillinga, har sjansen igjen heile denne veka. Utstillinga er open onsdag-fredag (17-19), laurdag (13-15) og søndag (16-18). Det blir og ope laurdag 9. og søndag 10. oktober, sjå opningstidene på www.fitjar.kommune.no i veka før.


Mette M. Hanstad f. Sandvik kjenner godt att ting som stod i krambua i Færøysund fram til 1965. Foto: Kjetil Rydland.


Agnar Jan Helland med Bibelsoga som han brukte i Øvrebygda i byrjinga av 1960-talet. Foto: Kjetil Rydland.


Harald Westerheim og Bård Inge Bø, eldsjeler i sogelaget som såg ut til å vera fornøgde både med utstillinga og besøket. Foto: Kjetil Rydland.


Denne radioen frå 1938 skal vera i god stand, seier eigar Per Drønen. Det same kan neppe seiast om symaskinen, som ser ut til å vera endå eldre. Foto: Kjetil Rydland.