Takk for turen

 

Turen i Stokksneset med Fitjar skulekorps blei ei omtrent perfekt avslutning på tiltaket Korps på tur.

 

 

Tre gonger har korpset invitert til tur i det fri, og tre gonger har det blitt klaff i møtet mellom turmål, musikk og publikum. Denne tredje og siste gongen gjekk turen til Osternes festning i Stokksneset.

 

For å få skikkeleg friluftssving på turen, etter intensjonane for friluftsåret 2015, gjekk dei frammøtte langs ein natursti frå Osternes skule, over haug og hammar, ut til festningsområdet.

 

Det var vanskeleg å sjå føre seg kor mange som ville leggja ut denne søndagen. Vêrmeldingane var gode, men det regna tett i ti-tida. Men alle gode makter må ha vore på korpset si side, for det blei etterkvart den finaste haustdagen på denne sida av haustjamndøgeret. Kor mange som var tilstades, er vanskeleg å seia, for Osternes festning er eit område som innbyr til å flytta seg litt rundt, men mellom 50 og 100 var det nok.

 

Dei fekk med seg, i tillegg til musikk frå korpset i konsertformat, var eit uannonsert innslag. John Arvid Skumsnes, kjent for mange frå Neserevyen, kom for å spreia andre gleder enn det han gjorde under revyen. Overskotet frå revyen ville han og Kristian Skumsnes gje til verdige lokale formål. Difor fekk skulekorpset 15 000 kroner, og Foreininga Osternes Festning og nytt kyrkjeorgel fekk 7 500 kvar.

 

Svein Aarbø mottok på vegne av soknerådet pengane John Arvid hadde med til nytt orgel i kyrkja. Foto: Arne Vestbøstad

 

Til slutt kunne dei som ville, få omvising på festningsområdet av Odd Jarl Larsen og Ingmund Bjordal frå Foreininga Osternes Festning, med tonefølgje av korpsmusikantar på fleire stader langs omvisingsruta, eller ein kunne forsetja å kjøpa mat av 4H.

 

Ingmund Bjordal, ståande, hadde god kontroll på det meste som skjedde på Ostenes Festning under krigen. Foto: Arne Vestbøstad

 

 

Korps på tur har vore eit samarbeid mellom Norges musikkorpsforbund og Gjensidigestiftelsen. Etter å ha gjennomført tiltaket, får korpset 60 000 kroner å bruka på instrument eller utvikling av korpset.