Ingvild Rimmereid avgjorde kampen med 10 mål i første omgang. Foto: Kjetil Rydland

Handballdamene med storsiger over NHHI 2

Fitjar IL sine handballdamer hadde ingen problem med andrelaget til NHHI i dagens seriepremiere på heimebane, og vann så klart som 32-13.

Lettbeinte damer frå Fitjar køyrde over usikre studentar frå NHH i Fitjar kultur- og idrettbygg laurdag ettermiddag. Gjestene hadde ingen sjanse til å følgja med, og takka vere mange personlege feil kunne Fitjar kontra inn mål i eitt sett. 


Martine Hareide scorar frå vingen. Foto: Kjetil Rydland.

Ingvild Rimmereid var lettast på foten av alle, og kontra inn det eine målet etter det andre. Ho fekk godt følgje av dei andre jentene, spesielt Miriam Almås og Charlotte Ayoe Levåg, og til pause stod det heile 20-7 til heimelaget.

I andre omgang fall kvaliteten på spelet til Fitjar-damene, samstundes som gjestene tok seg litt meir saman. Studentane frå Bergen bar preg av å vera lite samspelte i første omgang, og fekk litt meir til etter kvart. Men det var naturlegvis aldri nokon tvil om kven som var det beste laget. I sluttsekunda kjempa Charlotte Ayoe Levåg inn mål for Fitjar. Dermed blei sluttstillinga så klar som 32-13.

Trenar Trond Arnevik var ganske godt fornøgd med dagens kamp, og meiner det var naturleg at dei miste litt intensitet då dei leia så klart etter første omgang. Søndag 18. oktober møter damene Flaktveit på bortebane, og neste heimekamp for Fitjar i 5. divisjon er 25. oktober.


Marita Nysæther kjempar seg gjennom NHHI-forsvaret. Foto: Kjetil Rydland.

Laget til Fitjar (mål i parentes): Ida S. Fitjar (keeper), Lisa Folkedal (keeper), Miriam Almås (5), Marita Nysæther (1), Charlotte Ayoe Levåg (6), Maria Larsen, Lillian Gjuvsland (3), Sofie Ø. Næss, Martine Hareide (1), Anna Thorland, Julie S. Jensen (4), Ingvild Rimmereid (12).


Dommar Håkon Tverborgvik blæs i gang haustsesongen. Foto: Kjetil Rydland.