Ny kontrakt til Wärtsilä 

Wärtsilä er tildelt kontrakt på levering av sitt VS 5012-design til fire nye fortøyingsbåtar som skal byggjast på vegner av Østensjø Rederi AS. Kontrakten ble signert i juli 2015, og arbeidet skal utførast på Wärtsilä Ship Design sitt kontor på Fitjar.

– Båtane skal brukast i teneste for Statoil på Sture- og Melkøya-terminalane frå desember 2016 og juni 2017. Same design frå Wärtsilä har tidlegare blitt brukt på to av Østensjø Rederi sine eksisterande fartøy, som har vore i drift sidan 2007. Berre mindre endringar er utført for å møte nye reguleringar og for å optimalisere drifta basert på dei erfaringane som er gjort.

«Hovedgrunnen til at Wärtsilä Ship Design ble valgt for disse fortøyningsbåtene var suksessen til de to tilsvarende båtene, Max og Obelix, som Østensjø Rederi har hatt i operasjon for Norske Shell på Nyhamna-terminalen i åtte år. Vi har hatt et langt og godt samarbeid med Østensjø Rederi, og dette har gjort oss i stand til å forstå fullt ut hvilke behov løsningen vår skal dekke», seier administrerende direktør i Wärtsilä Ship Design Norway, Ove Wilhelmsen, i ei pressemelding

Til Østensjø Rederi skal Wärtsilä òg levere LNG-løysinger til tre store eskortetaubåtar som reiarlaget byggjer ved Astilleros Gondán verftet i Spania. Løysinga omfattar dual fuel-motorer, integrert med eit skreddersydd gasslagrings- og tilførslesystem. Fartøya skal òg operere for Statoil på Melkøya-terminalen frå våren 2017.

– Dette er eit fint økonomisk bidrag som syner at det er von i hangande større. Men det i seg sjølv gjev ikkje det heilt store utslaget i ein tøff marknad. Men me har von om å få tildelt nokre fiskebåtprosjekt seinare i haust som vil mona meir, seier dagleg leiar Ove Wilhelmsen til fitjarposten.no.