Thomas Vestbøstad Waage scora mot NHH og blei utropt til dagens Fitjar-spelar. Foto: Kjetil Rydland.
Tre kjærkomne poeng til A-laget
Fitjar vann fullt fortent 3-1 over NHH i onsdagens heimekamp, og har framleis eit lite håp om å overleva i 4. divisjon.
Gutane til Kjell Træet hadde full kontroll i første omgang og burde ha leia med mykje meir enn 2-0 ved pause. Kjell André Thorland gav heimelaget 1-0 etter sju minutts spel. Thomas Vestbøstad Waage la på til 2-0 eit par minutt seinare, og NHH var heldige som låg under med berre to mål ved pause. Fitjar hadde god kontroll heile første omgang.
Eitt mål og ein målgivande for Kjell André Thorland mot NHH. Foto: Kjetil Rydland.
Etter kvilda kom gjestene frå NHH meir med, og reduserte til 1-2 midt i omgangen. På slutten såg ein nervøs Fitjar-trenar, Kjell Træet, for seg at poenga kunne glippa denne gongen og. Men med gode redningar av keeper Oddgeir Træet reid heimelaget stormen av, og rett før slutt fekk innbytar Frode Malkenes gleda av å gi Fitjar 3-1. Og dermed var kampen avgjort.
Frode Malkenes gir Fitjar 3-1 i sluttminutta. Foto: Kjetil Rydland.
Fitjar – NHH 3-1 (2-0)
Seriekamp 4. divisjon, menn avd. 02
Onsdag 23. september kl. 17.55
Fitjar Idrettspark
Publikum: 85
Dommar: Dennis Stokseth, Åsane Fotball
Mål: 1-0 Kjell André Thorland (7), 2-0 Thomas V. Waage (13), 2-1 Jonas Wikstrøm (70), 3-1 Frode Malkenes (90)
Fitjar sitt lag: Oddgeir Træet, Emil Fitjar, Nils Ingard Tislevoll, Torbjørn Korsvik, Sander Tverborgvik, Helge Myrmel Træet, Øyvind Fykse Lie, Kjell André Thorland, Jonas Tislevoll (Mats Westvik 71), Badi Hurasi (Frode Malkenes 88), Thomas Vestbøstad Waage (Sebastian T. Thomassen 88).