«Korps på tur». Her frå Rimsvarden. Foto: FP-arkiv/HCH

Siste «Korps på tur konsert» på søndag

«Søndag 27 september 2015 arrangerer Fitjar Skulekorps tredje og siste konsert med «Korps på tur».

Denne gongen vil korpset ta publikum med til Osternes festning. Der vert det omvisning av Venelaget av Osternes festning, musikk av Fitjar skulekorps og matsal av 4H.

Korpset oppfordrar alle som kjem seg fram i ulendt terreng til å gå naturløypa frå Osternes skule til Stokken. Undervegs vert det høve til å løysa naturstioppgåver. Turen startar mellom kl.11.30-12.15

Det heile byrjar klokka 1300 på festningsområdet.

Dersom nokon har vanskar med å gå løypa kan ein melda seg på for skyss innan 25/9 .

SMS til 414 02 845

Fitjar skulekorps håpar mange vil vera med på ein annleis konsert og lovar flott korpsmusikk :)»