Frode Pletten. Foto: FP-arkiv/HCH
Minneord om Frode Pletten
Ordførar Wenche Tislevoll har sendt oss minneord om Frode Pletten. Minneordet kan du lese nedanfor.
Til minne om Frode Pletten
Det var med sjokk og vantru me fekk melding om at Frode Pletten var hardt skada i ei arbeidsulykke. Og ufatteleg var meldinga dagen etter om at livet ikkje stod til å redda. Tilbake står ei bygd i sorg.
Me har mista ein ressursperson som vil bli sterkt sakna.
Frode vart valt inn i kommunestyret for 4 år sidan, og var klar for ein ny periode som 4. kandidat på Fitjar Høgre si liste.
Han var positiv, uredd, såg løysingar og tenkte heilskap. Han hadde ein eigen evne til å gjera menneska rundt seg gode. Som elles i livet så gjorde ikkje Frode noko halvvegs men heilt og fullt. Me føler stor takksemd for den innsatsen han gjorde i lokalpolitikken og for samfunnet vårt.
Vår djupaste medkjensle går til familien, dei næraste og kollegaene.
Med desse orda lyser me fred over Frode Pletten sitt minne.
Og når alt er forbi
Høres ingenting lenger
Ingenting
Og det høres
Wenche Tislevoll
Ordførar
Fitjar kommune