Fjellheim FUS Friluftsbarnehage. Foto: Privat
Fjellheim jubilerer
Fjellheim FUS Friluftsbarnehage har 20-årsjubileum i 2015 og markerer dette med hyggjeleg program for både store og små i barnehagen førstkomande laurdag.
Arrangementet varer frå kl 12.00 til 15.00, og det vert lagt opp til leik og moro, matlaging og underhaldning.
– Velkomen til sosialt samvære og feiring saman med oss, seier ein jubileumsglad dagleg leiar Anne Karin Nilsen.