Seks periodar i formannskapet

Når det nye kommunestyret vert konstituert 21. oktober, går Agnar Aarskog inn i sin sjette periode i formannskapet. Arkivfoto: FP/HCH

Det tyder at Agnar, når denne perioden er over, har vore i formannskapet i samanhengjande 24 år. Og før det var han varamann i 4 år. Som fitjarbuen veit har han i løpet av desse åra òg vore ordførar i to periodar. Frå 1999 til 2007 for å vere nøyaktig.

– 24 år i formannskapet. Og du har ikkje gått lei?

-Nei, eg trivst med politikken. Særleg når eg får vere i posisjon med mogelegheit til å påverke direkte. Difor har Fitjar Ap òg valt å gå i lag med Høgre, sjølv om me ikkje fekk ordførarvervet, kommenterer han.