Ordførar Wenche Tislevoll med blomar ifrå statsministeren. Foto: Håkon C. Hartvedt

Fekk blomar frå statsministeren

Ordførar Wenche Tislevoll har ikkje snakka med statsminister Erna Solberg etter valet. Men i dag dukka det opp blomar.

 Og ikkje berre blomar. Med blomane følgde òg ei personleg helsing. Ei helsing som vart forma slik:

«Kjære Wenche.

Gratulerer med en flott valgkamp og et flott valgresultat. Lykke til med det vidare arbeidet.
Jeg trenger deg og ditt team med på laget i 2017. Hilsen Erna.»

– Veldig kjekt, kommenterte ordførar Wenche Tislevoll som fortel at ho òg brukar å få personlege julekort frå statsministeren.

Under pressekonferansen i kveld nytta ho òg høve til å takka veljarane som har stemt på ho.
– Eg er audmjuk overfor eit slikt valresultat, sa ho.