Forhandlingsutvala frå Fitjar Ap og Fitjar Høgre som vart samde om ny avtale. F.v. Roger Nesbø (Ap), Ove Gjerde (Ap), Agnar Aarskog (Ap), Wenche Tislevoll (H), Per Bergesen (H) og Arne Prestbø (H). Foto: Håkon C. Hartvedt

Formannskap og Utval

På ei pressekonferanse i kommunestyresalen i Fitjar Rådhus i kveld vart det klart kven som skal vera ordførar og varaordførar dei neste fire åra – og kven som vert leiar og nestleiar i hovudutvala. Høgre og Ap fortset samarbeidet som før.

Frå både Fitjar Høgre og Fitjar Ap si side vart det understreka at samarbeidet dei har hatt dei fire siste åra har vore godt. Det vart såleis naturleg å søkje fortsett samarbeid. – Den skrivne avtalen me hadde vart oppfylt på alle punkt, heitte det frå begge sider, så sjølv om dei hadde ein del sonderingar med andre parti òg, endte det heile opp med ein ny avtale mellom H og Ap. 

Per i dag er det berre en tekniske avtalen som ligg føre, men det vart understreka at den politiske avtalen òg skal vere klar – i god tid før det konstituerande kommunestyremøtet 21. oktober.

Den tekniske avtalen
I den tekniske avtalen som vart lagt fram i dag, heter det at Høgre skal ha ordførar og to faste medlemar i utvala for Oppvekst og omsorg og Plan og miljø. Vidare skal dei ha to faste medlemar i formannskapet. I Utval for plan og miljø skal dei ha leiarvervet.

Arbeidarpartiet skal ha nestleiarverva i utvala for Oppvekst og omsorg og Plan og miljø pluss 1. varamann i begge desse utvala. Dei skal òg ha 1. varamann til formannskapet.

– Dei andre politiske verva vert delt etter styrketilhøva til partia og eventuelt personlege eigenskapar, heiter det til slutt i avtalen.

Sp får utvalsleiaren i Oppvekst og omsorg
Men samarbeidspartia tok ikkje alt. Leiarvervet for Utval for Oppvekst og omsorg vart tilbode Fitjar Sp, som takka ja til det. Når det gjeld formannskapet er det klart at H får to representantar, Ap og KrF ein kvar. Den siste representanten går til Sp eller Frp som begge fekk to representantar i kommunestyret.

Konkret er følgjande verv klare:

Ordførar: Wenche Tislevoll (H)
Varaordførar: Agnar Aarskog (Ap)

Utval for plan- og miljø: 
Leiar: Torstein Grimen (H)
Nestleiar: Annar Westerheim (Ap)

Utval for oppvekst og omsorg: 
Leiar: Grete Marit Veka Maraas  (Sp)
Nestleiar: Vigdis Røen Leirvik (Ap)