Dei tre beste i klassen langhala kvit sau; f.v. Frank Robert Drange Haugland, Lars Olav Litlabø og vinnaren, Tore Atle Sørheim. Foto: Kjetil Rydland.

Kåringssjå med flotte vêrlam i ymse fargar

Stemninga var som vanleg god då dei finaste verlamma og dei ivrigaste smalabøndene møttest til kåringssjå på Ostenes skule i dag.

Nøyaktig 50 flotte vêrlam hadde meldt seg på, og om lag like mange saueinteresserte menn og kvinner møtte fram for å beundra årets beste vêrlam frå Stord og Fitjar. I år var det Fitjar sau og geit sin tur til å arrangera kåringssjå for heile Stordøya, og flagget ved nedlagde Osternes skule var heist for dei håpefulle vêrlamma.

Heile ni ulike rasar var representerte, noko som ifølgje Tore Atle Sørheim må vera rekord. Her var flotte representantar for rasane suffolk, norsk kvit sau, rygja, kvit spælsau, pelssau, nor-X (kjøttfe), gamal norsk spæl, svartfjes og blæs. Til liks med smalakollegaene sine var Tore Atle stolt over den fargerike fellesskapen. – Det er kjekt med mangfald, seier han.

Saman med John Karsten Raunholm og fire stordabuar utgjer han vêraring nr. 142. – Me er Nord-Europas beste vêraring, seier han. Og Jarle Helland frå Helland i Fitjar og Haga på Stord er heilt einig. Begge er godt fornøgde med smalamiljøet på Stordøyo. Tore Atle stilte med ein heil flokk, og alle som var med, hadde han selt før dei kom på kåringssjået.

Dei to kåringsdommarane Olav Solheim og Cecilie Tønnessen kom frå Kvam og Bjoa, altså nøytrale dommarar frå «naboklubbar». Dette var nok viktig, for Tore Atle Sørheim har gjerne eit og anna å seia på dommarane sin innsats …

Dei gjekk nøye til verks for å registrera kritiske data på dei fine vêrlamma. Sekretær for arbeidet var Aase Nøttveit ved Stord Fitjar landbrukskontor. I bilen sin sat fagrådgivar i Nortura, Karluf Håkull, og registrerte alle opplysningane på internett. Han fortel at det aller viktigaste for ein vêr som skal nå opp, er ætta.

– Alle vêrlamma som er her, kan føra slekta si nærmast uendeleg langt tilbake, seier fagrådgivaren, og i vêrabasen ligg all tenkeleg informasjon om vêrane.

I vurderinga si er dommarane nøye på å vurdera ulla til dyret, både mengd og kvalitet. Og ikkje minst kroppen. Dyra må ikkje ha lyte som kan gå i arv til nye sauegenerasjonar. Det er viktig at dei blir opphav til funksjonelle sauer som kan gå ute med to lam og hausta i utmarka. Målet er ein mest mogleg funksjonell sau, som får to lam om hausten, seier Karluf Håkull.

Vinnar i klassen langhala kvit sau blei Tore Atle Sørheim sin vêr, som sakkunnige tilskodarar tidleg peikte ut til favoritt. På andreplass kom Lars Olav Litlabø, og nummer tre blei ein annan vêr frå smalagaren til Tore Atle. Beste rygjavêr tilhøyrde Lars Olav Litlabø, medan blæsen til Marte Drange Haugland vann klassen andre rasar. Best ull hadde vêrlammet til Svein Ove Vatna. Komplett resultatliste kan du lesa under bileta.

Denne gongen var John Karsten Raunholm den einaste utstillaren frå Fitjar. Men me merka oss ein og annan fitjarbonde som var innom for å sjå, eller for å sikra seg nytt blod til saueflokkane sine. Frå Rimbareid kom Lars Ove for å sikra seg ein ny rygjavêr, men det tok tid å bestemma seg. Det var fleire fine kandidatar som freista.

Rundt 10 % av dei frammøtte vêrlamma blei vraka, enkelte på grunn av dårleg ull. Men dei fleste på grunn av for dårleg arbeidsverktøy, steinane i posen var ikkje så faste som dei burde vera. For desse vêrane er nok vegen til kjøtgrytene kort – om dei får vera med på den tillyste smalafesten 24. oktober, blei ikkje sagt.


Denne fine vêren til John Karsten Raunholm har fått ei blå sløyfe i øyra, som prov på at han blir med i finalen. Foto: Kjetil Rydland.

 
Aase Nøttveit ved landbrukskontoret er sekretær for dommar Olav Solheim. Til venstre Jarle Helland. Foto: Kjetil Rydland.


Vêreigar Tore Atle Sørheim ser på at dommar Cecilie Tønnessen sjekkar ulla i mikroskop.Foto: Kjetil Rydland.


Dommaren måler ullengda til vel 10 cm. Foto: Kjetil Rydland.


Skal vêren nå opp i konkurransen, må han visa fram familiejuvelane til dommarane. Foto: Kjetil Rydland. 


Fagrådgivar i Nortura, Karluf Håkull, er online med vêrabasen på nettet, og registrerer opplysningane frå dommarane fortløpande. Foto: Kjetil Rydland.


Desse suffolkane heiter ikkje Shaun, men Benjamin og Werner, og høyrer til hos Stig K. Almås. Foto: Kjetil Rydland.


Denne vêren ser ikkje ut til å la seg stressa av at han skal bli vurdert av sakkunnige dommarar. Foto: Kjetil Rydland.

 
PREMIERING

Best vêrlam alle rasar langhala kvit (”spiss”). Kropp, bein, ullkvalitet og ullmengd
1.   Tore Atle Sørheim    Lam 55548    
2.   Lars Olav Litlabø     Lam 50057              
3.   Tore Atle Sørheim    Lam 55595              

Beste vêrlam rygja. Kropp, bein, ullkvalitet og ullmengd
1.    Lars Olav Litlabø    Lam 50057    

Beste vêrlam andre rasar. Kropp, bein, ullkvalitet, ullmengd og rasepreg
1.    Marte Drange Haugland    Lam 50009    

Høgast sumpoeng (ætt, kropp, bein, ullmengd og ullkvalitet)
1.    Bodil Haga Helland   Lam 50703  179 P    
2.    Tore Atle Sørheim    Lam 55577  178 P    
3.    Tore Atle Sørheim    Lam 55595  176 P    

Best ull (ullkvalitet og ullmengd vert slått saman til éin karakter)
1.   Svein Ove Vatna      Lam 50547    
2.   Tore Atle Sørheim    Lam 55595