Ordførar Wenche Tislevoll delte ut leseknappar til dei unge lesarane. Her er det Eline Stokken som får knappen sin. Foto: Håkon C. Hartvedt

115 fekk leseknappen

Lesefesten i Kultursalen i kveld avslørte imponerande leseglede hos unge fitjarbuar. Og multikunstnar Atle Hansen fekk kontakt med det unge publikumet frå første stund.

For å få leseknappen i gull måtte ein i sommar ha lese minst 12  bøker. For å få sølv minst åtte, og bronse fekk ein ved å lese minst ei bok.
6 unge lesarar fekk i kveld bronse, 13 fekk sølv og heile 96 unge lesarar fekk gull, og hadde altså lese meir enn 12 bøker i sommar.

I kveld fekk dei utdelt leseknapp av ordførar Wenche Tislevoll.

Musikaren Atle Hansen. Foto: Håkon C. Hartvedt

Atle Hansen starta med å trylle. Noko han ikkje kunne, og lett innrømde til stor latter frå forsamlinga. Men kontakt fekk han. Med ein gong. 
Kontakten tok han vel vare på og nådde på ein svært god måte fram til dei  små, både med songkunsten og opplesinga si. 

Borna fekk høyre ein sjølvkomponert blueslåt – og vidare opplesing frå bøkene «Den svarte oksen», «Amanda sin medisin» og «Svartedalen».
Og dei koste seg.

Forfattaren les frå eigne bøker. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

Både borna og ordføraren likte dei dei høyrde. Foto: Håkon C. Hartvedt 

 

Bibliotekar Silje Vågen Torbjørnsen les opp namna på dei som skal få leseknappen. Foto: Håkon C. Hartvedt