Nytt alphakurs i haust

Det skriv soknerådsleiar Torunn Aarskog i ei pressemelding som du kan lese nedanfor.

Velkomen til Alpha-kurs!

Lurar du på noko angåande den kristne tru? Har du lyst å vita meir? Då er Alpha-kurs noko for deg!

Fitjar sokneråd startar opp nytt Alpha-kurs MÅNDAG 2. NOVEMBER KL.19.30 i Fitjar bedehus.
Første kurskvelden er utan påmelding! Kom og sjå om dette er kurset for deg! Tema for kvelden er: ”Kven er Jesus?”  

Me begynner med kveldsmat kl. 19.30. Kl. 20.00-21.00 vert det song/musikk og undervisning over kveldens tema.
Dei neste kveldane blir det gruppesamling før me avrundar samlingane kl. 21.30. 

Tema vidare utover i kurset vert:
2. samling: Kvifor døydde Jesus, og korleis kan vi tru?
3. samling: Bøn
4. samling: Bibelen
5. samling: Korleis leiar Gud?
6. samling: Kvifor og korleis fortelja til andre?
6. samling: Kva har kyrkja å seie for trua vår?
7. samling: Den Heilage Ande .  

Sokneprest Olav J. Oma og Håkon C. Hartvedt underviser om desse temaa. Kvar deltakar får kurshefte.

Synes du dette er interessant? Ta sjansen og kom!
Meir enn 10 millionar menneske over heile verda har funne ut at det er vel verd å gjennomføre eit Alpha-kurs. Dei aller fleste kyrkjesamfunn i Noreg står bak Alpha-kursa.

Kurset er gratis, men me tek betaling for mat, ca. kr. 50 pr. samling. 

Er du sjeldan eller ofte innom kyrkje og bedehus, er du forelder som ynskjer å ha gode svar til borna dine, ung eller eldre, me ynskjer ALLE velkomen!

Vil du vite meir sjå: www.alpha.norge.no

(ANNONSE)