Slik avslutta Paul Vik dagen i Vikedal, etter å ha køyrt siste innleiingsheatet med øydelagt tannstong og opphengskule. Foto: Kjetil Rydland.

Draumen om den store pokalen gjekk opp i røyk

Paul Vik kom ikkje til mål under siste runde i vestlandsmeisterskapen, og dei andre Fitjar-førarane hadde heller ikkje nokon god dag i Vikedal.

Under søndagens sesongavslutning i Vikedal var Paul Vik den som hadde mest å køyra for av dei blå Fitjar-førarane. Han låg berre fem poeng bak Lars Reidar Frøyland samanlagt i vestlandsmeisterskapet i rallycross, den største klassen. Men han lukkast ikkje då alt skulle avgjerast, og kom ikkje ein gong til start i finalen.

I første innleiingsheat gjekk det bra, og han køyrde kontrollert inn til ein andreplass utan å ta for store sjansar. Problema begynte i andre innleiingsheat, som enda med at han måtte bryta og tusla av banen med ei øydelagt berebru og deformert bakhjul. Eit mannsterkt og effektivt korps av mekanikarar tok seg av bilen, og fekk Paul til start i siste innleiingsheat. Men det dei ikkje hadde oppdaga, var at det var fleire skavankar på bilen. Allereie på veg ned på plata oppdaga Paul at noko var gale, og det skulle ikkje vara lenge før han fekk problem. Det enda med at han ikkje kom seg i mål, og det viste seg at han hadde køyrt med øydelagt tannstong og ei knekt opphengskule.

Dermed blei det ingen finale på Paul Vik i Vikedal, og han blei ståande på dei 75 poenga han hadde før dagens runde. Det heldt i massevis til andreplassen i vestlandsmeisterskapet, men han kom til Vikedal for å ta heim den store pokalen. Derfor var dagen ein liten nedtur for Paul, som vedgår at han hadde store forventningar til dagen.

For dei andre Fitjar-førarane blei det heller ikkje den store avslutninga på sesongen. Jonas K. Lønning har hatt eit par gode løp i det siste, men denne gongen snurra han i første sving, og dermed blei det meir enn stritt nok å koma seg på startstreken i dei neste heata. Håvard Dalen enda i dagens innsats i ei støvsky i dommasvingen, og måtte klatra over autovernet og koma seg vekk.

Den einaste med ein viss suksess denne helga var Oliver André Matre, som fekk ein fin andreplass i bakkeløpet laurdag. I dag opna han med ein heatsiger, før det begynte å gå litt tregare. Han kom seg til B-finalen, og satsa alt på å slita seg til A-finalen. Men det skulle snart visa seg vanskeleg, og han enda dagen med å velta i dommarsvingen. Heldigvis kunne han krypa uskadd ut av den havarerte bobla.

For dei to jentene Mari K. Lønning og Kristina Sætre blei det ei brukbar helg. Dei nådde ikkje heilt opp, men så har dei heller ikkje så store ambisjonar, førebels.


Ole Vidar Helland og Joar Torsen må konstatera at pokalen går opp i røyk. Foto: Kjetil Rydland.


Fitjarbuar på sidelinja i Vikedal før det begynte å gå skeis på banen. Foto: Kjetil Rydland.

*
Sigurd André Maraas på plass som løpsleiar i Vikedal. Foto: Kjetil Rydland.


Løpsleiar Sigurd André Maraas må konstatera at sambygding Jonas K. Lønning snurrar med den blå volvoen sin. Foto: Kjetil Rydland.


Paul Vik er framleis optimist etter to innleiingsheat. Foto: Kjetil Rydland.


Paul Vik hadde god nytte av eit effektivt bakkemannskap. Foto: Kjetil Rydland.


Slik ser ei berebru ut etter litt for brå kontakt med støypekanten. Foto: Kjetil Rydland.


Slik gjekk det med bakhjulet til Paul Vik i andre heatet. Foto: Kjetil Rydland.


Morten Helland i arbeid med bilen til Jonas Lønning. Foto: Kjetil Rydland.


Håvard Dalen klatrar over autovernet etter å ha havarert i dommarsvingen. Foto: Kjetil Rydland.


Og her krabbar Oliver ut av den havarerte bobla si. Foto: Kjetil Rydland.