F.v. sitjande: Olaug Wiik f. Vestbøstad, Borgny Tufteland f. Johnsen, Ann Kjellrunn Engesund Pedersen, Marta Tufteland Engevik, spr. Olav Oma, Ruth Inger Helland Olsen, Rønnaug Rydland Leirvåg, Gerd Waage Skålevik og Sylvi Levåg.
2. rekkje: Per Arne Legøy, Lars Audun Rydland, Grethe Haaland Hovland, Helga-Lise Volden, Maien Sørfonn Koppang, Aud Skålevik Steensohn, Hildegunn Halsne f. Gerhardsen, Klara Hugøy f. Gloppen, Brit Evy Vik, Haldis Rydland Huglen, Sigrun Bukkholm, Turid Eggøy Bjordal, Irene Karin Torvund, Liv Ingrid Siglen, Kari Sandvik Gjerme, Ingunn Bukkøy f. Heggøy, Reidun Marie Lunde f. Helland, Sivert Hjelmen, Birger Fitjar og Jan Tranøy.
3. rekkje: Geir Strand, Jan-Helge Kverne, Lars Rydland, Nils Audun Gerhardsen, Edmund Helland, Leif Jan Waage, Tor Gunnar Gloppen, Oddvar Bergesen, Harry Kvernenes, Ragnar Helland, Endre Inge Stokken, Geir Raunholm, Ole Tufteland, Ragnar Husevik, Geir Magnar Vik og Henry Nygård.  Foto: Håkon C. Hartvedt

50-års-konfirmantar på haustens påskedag.

I dag, på det me kallar haustens påskedag, var konfirmantane frå 1965 tilbake til konfirmantgudsteneste i Fitjar kyrkje. 50 år etter at dei vart konfirmert av sokneprest Einar Tuvin.

Konfirmantkullet frå 1965 var det første konfirmantkullet som fekk kappe, og dei var 60 konfirmantar til saman. 34 gutar og 26 jenter. I kyrkja i dag stilte 21 menn og 23 kvinner frå kullet.

Jubilantane hadde ei triveleg mimresamling på Fitjar Fjordhotell i går kveld, og etter gudstenesta var det middag på same plass, der sokneprest Olav Oma òg vart invitert med.

Under gudstenesta tala Oma over dagens tekst om oppvekkinga av enka sin son i Nain. Han minna om at Jesus er oppstoda og livet, og at prosesjonen som ein ofte brukar i kyrkja, skal minne oss om at me som Guds folk er på veg i pilgrimstoget mot Himmelen. 

– Me vart sett inn i dette toget ved dåpen, og sidan er me kalt til å bli i dette følgjet, sa soknepresten.

Slik såg konfirmantane ut i 1965:

prise de masse musculaire rapide anabolisant