Jonas Tislevoll gav Fitjar leiinga 1-0, men til slutt blei det tap for Fitjar mot Nordhordland. Arkivfoto FP / Kjetil Rydland.

A-laget tapte mot Nordhordland

Fitjar kjempa tappert mot Nordhordland i dagens seriekamp, og var direkte uheldige som ikkje fekk med seg tre poeng heim.

Gutane til Kjell Træet hadde full kontroll i første omgang. – Då var me knallgode, seier trenaren til Fitjarposten, det hadde ikkje vore noko å seia på om me hadde leia med både fire og fem mål til pause.

Fitjar tok leiinga etter 21 minutts spel ved Jonas Tislevoll, som sette ei fin pasning frå Badi Hurasi i mål. Men det gjekk berre to minutt før Nordhordland utlikna til 1-1 ved Andreas Bøe Snekkevik. Dermed berga heimelaget 1-1 i ein omgang som Fitjar hadde dominert totalt.

Rundt halve andre omgang heldt fram i same sporet som første. Fitjar heldt fram med å rulla opp det eine angrepet etter det andre, og etter sju minutt gav Badi Hurasi Fitjar leiinga 2-1. – Dessverre fall me litt saman etter 20 minutt, seier trenar Kjell Træet. Og i løpet at to minutt gav dei heimelagsspissen Andreas Bøe Snekkevik høve til å snu kampen til 3-2. Begge scoringane kom på personlege feil i midtforsvaret til Fitjar.

Kjell Træet fortel at det var ein tydeleg letta trenar for heimelaget som takka for kampen. – Slik går det òg an å vinna fotballkampar – dette var eit ran!

Heimelaget avgjorde kampen på flaks, ein knallgod 17-åring mellom stengene og ein uvanleg effektiv spiss som scora tre mål. Kjell Træet har grunn til å ergra seg over tre tapte poeng, etter sjansesløseri i første omgang, og baklengsmål på personlege feil i andre omgang. Men alt i alt var det mykje fint spel å sjå på for den hardt prøvde Fitjar-trenaren. Han framhevar tre mann, som han meiner var fantastisk gode i dagens kamp; Emil Fitjar, Badi Hurasi og Jonas Tislevoll. 

Med dagens tap gjekk Fitjar glipp av sjansen til å klora seg forbi Trio på serietabellen. Dei ligg på 4. siste plass, to poeng føre Fitjar, og har ein kamp mindre spelt. Dermed ser vegen opp til sikker plass i 4. divisjon framleis lang ut for Fitjar-fotballen sitt flaggskip.

Nordhordland – Fitjar 3-2 (1-1)
Seriekamp 4. divisjon, menn
Laurdag 19. september kl. 15.00
Knarvik gress
Dommar: Bjørn Tore Tvedt, Eidsvåg IL

Mål: 1-0 Jonas Tislevoll (31), 1-1 (33), 1-2 Badi Hurasi (52), 2-2 (71), 3-2 (73)

Fitjar sitt lag: Oddgeir Træet, Emil Fitjar, Nils Ingar Tislevoll, Torbjørn Korsvik, Sander Tverborgvik (Frode Malkenes 84), Helge Myrmel Træet, Kjell Andre Thorland, Mats Westvik (Øyvind Fykse Lie 69), Jonas Tislevoll (Sebastian T. Thomassen 77), Badi Hurasi, Thomas Vestbøstad Waage.