Tidleg krøkast…

 

Cecilie Steien (3) var ei av dei som hadde det kjekt på brannstasjonen i Årskog då det var open dag laurdag.

 

 

 

Cecilie Steien såg ut til å trivast bak rattet i brannbilen, og kunne fortelja at ho vil byrja i brannvesenet når ho blir stor. Ho laga billyd og og snurra på rattet, som ho ikkje hadde gjort anna heile livet. Og det er kanskje ikkje så rart. Det var dei som meinte ho var arveleg belasta, sidan ho er barnebarnet til Torgeir Steien, mangeårig medlem av brannkorpset i Fitjar.

 

– Sjå, eg har gult på armane. Og bak her har eg hette. Eg har spylt med brannslangen. Når vatnet var på, blei den tung, fortalte ho, medan ho viste fram dei ulike detaljane på regndressen.

 

Henrik og Leander Træet fekk hjelm og oppfordring om brannøving i heimen av Johan Nilsen i brannvesenet. Foto: Arne Vestbøstad

 

Det blei delt ut hjelmar til til ungane som kom og med hjelmane følgde ei oppfordring om å finna ut korleis ein skal reagera om det byrjar å brenna heime. Også Fitjar kraftlag var på plass for å fortelja om el-sikkerheit i heimen.

 

Open dag på brannstasjonen er eit samarbeid mellom If forsikring, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, Norsk brannvernforening og brannvesen og lokale el-tilsyn over heile landet, og er ein del av Brannvernveka.

 

Frode Kloster demonstrerer varmekamera, og kan opplysa til Halstein Sæterbø at vaffeljernet held ein temperatur på 153 grader. Foto: Arne Vestbøstad

steroids pills