Temakveld torsdag

 

Fitjarkunstnaren Kirsti Willemse skal saman med pianist Rune Alver stå for innhaldet under temakvelden i Fitjar kyrkje torsdag kveld, heiter det i ein omtale frå arrangørane.

 

Torsdag er det duka for ny temakveld i Fitjar Kyrkje Denne gongen inviterer me til konsert med pianisten Rune Alver frå Bergen. Vår eigen kunstnar Kirsti Willemse, vil også syna fram tre tekstilarbeid under temaet «Kledd i ruin.»

Alver debuterte som 20-åring og har utdanninga si frå Bergen, Oslo og Paris. For tida fokuserer Alver mykje på norske komponistar, noko som vil gjennomsyra konserten på Fitjar. Han har spelt inn 2 cd-ar med musikk av Edvard Grieg, og snart har han gjort det same med heile klaverproduksjonen til David Monrad Johansen. I den siste tida har han hatt konsertar i Tyskland, Russland, Frankrike og Kina, og seinare i haust vert han å høyra på Leiv Eriksson-festivalen i Minneapolis i USA.

Kirsti er fødd og oppvaksen på Fitjar. Ho har si utdanning frå kunsthøgskulane i Malmø og Oslo. Ho har hatt fleire separatutstillingar i ulike galleri, mellom anna Galleri Giga på Stord .I 2015 hadde ho også arbeid på Korsveifestivalen og utsmykka Rimbareid skule på Fitjar. Ho er no nestleiar i Norske Tekstilkunstnere.

Kirsti seier at ho gjennom arbeida utforskar forholdet mellom tekst og materialitet. I denne utstillinga ønskjer ho å «invitera til ein leik med blikket.–.» Let det seg gjera å sjå den vovne flata som om den var lesbar tekst? Eller på den andre sida sjå ei tekstside som om ho var eit fint vove stykke, vove av ord?»

 

Det er ei glede å kunne tilby fitjarbuen og andre ein kveld med ein variert og spennande konsert med glimt frå både eldre og nyare klassisk musikk. På programmet står mellom anna både Griegs vakre Ballade i g-moll, Kjempeviseslåtten av Harald Sæverud og stykke av Geirr Tveitt, David Monrad Johansen og Fredric Chopin!

 

 

Pianist Rune Alver. Foto: Vegar Valde

 

Ingressbilete: Frå arrangøren