Årets kåringssjå på trappene

 

John Karsten Raunholm inviterer, på vegne av styret i Fitjar sau og geit, til kåringssjå tysdag.

 

Etter ein valkamp med mykje skrik og lite ull, kan ein håpa at det vert meir og finare ull, og kanskje litt færre skrik, når sauebøndene i Fitjar samlast til vêrlamkåring ved Osternes grendahus tysdag føremiddag. Dersom det vert dårleg vêr, blir samlinga flytta til ein rubbhall som ligg ved Fitjar Småbåtservice i Årskog, heiter det i invitasjonen som er sendt ut.