Søndag har 16 fotballjenter frå Fitjar IL vore med på turnering i Hustredalen for jenter fødde i 1998.
Det var Solid som inviterte til turnering for å gi gi jentene ein forsmak på kva som møter dei neste år. Då går dei nemleg over til 11-arfotball, som dei skal spela i åra framover. Målet med ei slik turnering har vore å gjera overgangen litt mindre, og bidra til at fleire held fram med fotball.

I denne reine jentecupen deltok sju lag, og kvart lag fekk to kampar. På deltakarlista fann me to lag frå arrangørkluben Solid og to frå Stord IL, medan Trott, Rubbestadneset og Fitjar stilte med eitt lag kvar. Fitjar opna mot eit lag frå Solid, og scora det første målet i turneringa. Det var det 11-åringen Thea Vestbøstad som stod for. Fitjar-jentene såg lenge ut til å kunna tukta Solid, men mot slutten svikta det litt, slik at dei måtte sjå seg slått 2-4. Også den andre kampen, mot Rubbestadneset, såg lenge lovande ut, men mot slutten rakna det litt, slik at dei enda med tap 2-5.

Trass i tap i begge kampane er heilskapsinntrykket positivt både for spelarane og dei to trenarane, Kari Raunholm og Anne Kristin Skår. Den store banen gav meir plass å boltra seg på. Elles var det som venta noko uvant å spela med offside, men det gjekk rimeleg bra. Dette var ei rein 98-turnering, så ingen av 13-åringane fekk vera med denne gongen. Men Fitjar hadde med seg fem jenter frå 99-årgangen, og det viste seg at dei klarte seg godt på dette nivået.